|
|
|
Ung i Norddal
Her vil du finne info om kva som skjer for ungdommen i Norddal kommune, og også om arrangement i andre kommunar. Har du tips om noko som skal inn på kalenderen, så gi beskjed.
Publisert av
Kristi Linge Stakkestad.
Sist endra 21.01.2010
Kontakt
Har du spørsmål, tips eller idear for ungdom i Norddal, kontakt koordinator for ungdomsrådet og ungdomsarbeidet generelt, Kristi Linge Stakkestad, tlf 70258841, epost: krst@norddal.kommune.no
Ungdomsartiklar
 Publisert 03.09.2010
Fredag 10. og laurdag 11. september er det klart for Ung helg i Valldal. Det blir Ung fredag, paintball, bogeskyting, sumobryting og konsertar. Det er ungdomsrådet i Norddal som er arrangør av aktivitetshelga, og invitasjonen går til ungdom i alderen 13-18 år.
 Publisert 15.06.2010
Ungdomsrådet i Norddal og Midtsommardagar 2010 inviterer til Camp Norddal, ein friluftscamp for ungdom i alderen 8. kl.-18 år. Camp Norddal blir arrangert i Dalsbygda/Norddal 26.-27. juni. Påmeldingsfrist er fredag 18. juni!
 Publisert 11.06.2010
Det blir ekstra-møte i ungdomsrådet onsdag 16. juni kl 1400-1600. Møtet blir på Kraftsenteret/Frivilligsentralen på Sylte. Saker som ikkje kan vente til hausten er mellom anna arbeid med Ung helg og Camp Norddal.
 Publisert 05.05.2010
7. mai er det klart for vårens siste Ung fredag. Denne kvelden er arrangementet lagt til Røde Kors-huset i Eidsdal, i samarbeid med ungdomsklubben der. Vi ønskjer ungdom på indre frå 8. klasse og oppover velkomen kl 20-23!
 Publisert 22.04.2010
Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 23.april kl 1930-2300. Ung fredag er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse og oppover. Denne fredagen blir det spesielt sett fokus på rus.
 Publisert 22.04.2010
Det blir ope møte om rus på Valldal skule fredag 23. april kl 1930-2030. Foredrag ved Frode Tafjord, som fortel om si erfaring som far til ein rusmisbrukar.
 Publisert 15.04.2010
Er kun dei store skulane som er gode? Ungdommens kommunestyre i Ørskog, Ungdomsrådet i Stordal kommune og Ungdomsrådet i Norddal kommune seier klart nei til nedlegging av Ørskog vidaregåande skule.
 Publisert 15.04.2010
Tysdag 20. april reiser ungdomsrådet i Norddal til Geiranger for å vere tilstades på Fylkestinget til Møre og Romsdal. Det er prosjektgruppa Tausaløftet som inviterer.
 Publisert 07.04.2010
Ungdomsrådet har bestemt at det blir Ung helg 2010 i Valldal fredag 10. - laurdag 11. september. Broken Balls Paintball kjem også i år!
 Publisert 24.03.2010
19.-21. mars reiste åtte UKM-ungdommar frå Norddal til fylkesmønstringa som var i Eidet Kulturhall på Vatne i Haram. Dei representerte Norddal kommune med kunst og musikk.
 Publisert 18.03.2010
Her finn du informasjon om aktivitetar for ungdom i Norddal våren 2010.
 Publisert 17.03.2010
Ungdomsrådsmøtet torsdag 18. mars blir utsett på grunn av vertilhøva og dei transportvanskane det medfører. Ny dato blir onsdag 24. mars kl 1400-1600. Møtet blir på Fjordhagen.
 Publisert 11.03.2010
Fredag 12. mars kl 1930-2300 er det igjen klart for Ung fredag på Valldal samfunnshus. Denne kvelden blir det også Ung ung fredag for mellomsteget kl 1715-2000.
 Publisert 04.03.2010
I fylgje møteplanen til ungdomsrådet skal det vere møte torsdag 4. mars. Møtet er flytta til torsdag 18. mars kl 14-16. Møtestad er Fjordhagen.
 Publisert 22.02.2010
Det blir sett opp skibuss til Overøye Skiarena kvar dag i vinterferien. Minibussen har plass til 16 personar, så her er det førstemann til mølla som gjeld.
 Publisert 22.02.2010
No er uttaket til fylkesmønstringa for Ungdommens Kulturmønstring klart!
 Publisert 19.02.2010
Norddal er ein av fire kommunar langs Storfjorden som har gått inn i eit samarbeid om rusførebyggjing. Samarbeidet er kalla Dugnad.
 Publisert 16.02.2010
52 lokale ungdommar stilte som artistar, filmskaparar og kunstnarar under UKM i Eidsdal laurdag 13. februar. Det blei fullt hus og mykje jubel på Røde Kors-huset. Mønstringa blir avslutta med konsert med Elfap.
 Publisert 10.02.2010
Fredag 29. januar var 26 ungdommar samla til kurs for ungdomsråd i Valldal. Ungdomsrådet i Norddal var arrangør, og dei hadde invitert ungdomsråda i Stordal, Ørskog og Stranda.
 Publisert 28.01.2010
Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 29. januar kl 1930-2100. I forkant av dette blir det kurs for ungdomsråd på rådhuset.
 Publisert 13.01.2010
Fredag 15. januar blir det Ung fredag på Valldal samfunnshus. Frå kl 1930 blir det bordtennis, playstationspel og ballspel i gymsalen med meir, for ungdom frå 8. klasse og oppover.
 Publisert 04.11.2009
Komande fredag 6. november blir det Ung fredag både for mellomsteget og for ungdomsskulen og oppover. Røde Kors-huset i Eidsdal er staden frå kl 1700 til kl 2300.
 Publisert 13.10.2009
Fredag 16. oktober kl 1930-23 blir det Ung fredag på Sylte ungdomshus. NB! Ny stad. I starten på kvelden blir det val av representantar til ungdomsrådet i alderen 16-19 år.
 Publisert 28.09.2009
2. oktober er det klart for Ung fredag igjen. Denne gongen på Røde Kors-huset i Eidsdal.
 Publisert 17.09.2009
Fredag 11. og laurdag 12. september var om lag 75 ungdommar samla i Tafjord til Ung helg 2009. Paintball, sumobryting, dans, Elfap og Amish Society var nokre av stikkorda for helga.
 Publisert 02.07.2009
Ungdom i Møre og Romsdal mellom 15 - 20 år får også i år eit pakketilbod på Moldejazz. For 300 kroner får ungdom to store utekonsertar under jazzfestivalen i Molde i sommar. Tilbodet er knytt til ordninga med "Kulturrabatt for ungdom".
 Publisert 07.05.2009
Det blir foreldremøte med tema "Ungdom og rus" på Valldal skule torsdag 7. mai kl 19-21. Rita Valkvæ frå Midt-Norsk Kompetansesenter for Rusfaget vil innleie om temaet. Føresette til elevar i 5.-10. klasse er invitert.
 Publisert 07.05.2009
Då er det tid for vårens siste Ung fredag! Fredag 8. mai kl 20-23 blir Valldal samfunnshus fyllt opp av ungdommar frå 13 år og oppover. Det blir truleg mykje lyd både av det nye spelet Guitar Hero World Tour og av fotballkampar i gymsalen.
 Publisert 27.04.2009
Fredag 24. april var det klart for Ung fredag på Dalsbygda skule. Først var det Ung ung fredag for mellomsteget, etterpå kom ungdomsskuleelevane. I det fine veret blei det både putekrig og sumobryting på plenen ved skulen.
 Publisert 23.04.2009
Fredag 24. april er det Ung fredag på Dalsbygda grendahus. Først er Ung ung fredag for elevar i 5. - 7 klasse kl 1745 - 2030. Deretter for dei eldre fram til kl 2245. Det er sett opp skyss frå ferjekaia i Eidsdal.
 Publisert 07.04.2009
Tysdag 31. mars var ungdomsrådet i Norddal invitert til middag og opplæring. Kurshaldar var Pernille Dale, medlem i Ungdomspanelet i fylket.
 Publisert 17.03.2009
Laurdag 21. mars er det igjen klart for Stordalstrøkk! Frå kl 20 blir Stordalshallen fylt av ungdommar og musikk. Frå Norddal kjem banda Walking Disaster, Battery og Elfap. Det blir sett opp buss frå Valldal kl 1900.
 Publisert 14.02.2009
Har du lyst til å vere med på konsert med Bjørn Johan Muri? Vil du sjå kva slags kulturaktivitetar ungdom i Norddal driv med? Då må du møte på mønstringa på Valldal samfunnshus søndag 15. februar kl 1530!
 Publisert 26.11.2008
Fredag 28. november blir det fullt hus og mykje aktivitet på Valldal samfunnshus. Då blir det Ung fredag for både dei som går på mellomsteget og for dei som er 13 år og eldre.
 Publisert 07.11.2008
Det blir Ung fredag for ungdom på indre 7. november. Staden er Valldal samfunnshus og tida er kl 20-23. Ungdomsgruppa Battery spelar kl 2130.
 Publisert 22.10.2008
Det er noko av det du kan oppleve på Ung fredag 24.10. Ungdom på indre er invitert til aktivitetskveld på Valldal samfunnshus. Dette gjeld aldersgruppa frå 8. klasse og oppover.
 Publisert 30.09.2008
No er det tid for Ung fredag og full fart på samfunnshuset igjen. Fredag 3. oktober kl 20-23 er ungdom frå 8. klasse og oppover invitert til rockeverkstad, fotball og sing star.
 Publisert 16.09.2008
Nær 100 ungdommar var samla til Ung helg i Eidsdal fredag og laurdag. I det strålande haustveret var det mange som nytta høvet til å prøve seg på mellom anna paintball, sumobryting, padling og dans. Det var og stor oppslutning om konserten laurdagskvelden.
 Publisert 11.09.2008
Fredag 12. og laurdag 13. september blir det full fres i og rundt Røde Kors-huset i Eidsdal! Då inviterer ungdomsrådet i Norddal til aktivitetshelg for ungdom i alderen 13-18 år. Laurdagkvelden blir det konsert med lokale band og stordalsgruppa Marius and the Outliggers.
 Publisert 22.08.2008
Fredag 22. august blir det Ung fredag i Tafjordbadet. Kl 1830-2030 blir det musikk og open kiosk spesielt for ungdom i alderen 13-18 år.
 Publisert 16.07.2008
Marius and the Outliggers er eit av trekkplastra når ungdomsrådet i Norddal arrangerer Ung helg i Eidsdal 12.-13. september. For ungdom frå 8. klasse og opp til 18 år blir det full fres i og rundt Røde Kors-huset, med mellom anna paintball og sumo show.
 Publisert 20.06.2008
Norddal kommune fekk i 2007 midlar frå Justisdepartementet til oppstart av kriminalitetsførebyggjande arbeid. Rådmann, ordførar, lensmann og koordinator for arbeidet sit i styringsgruppa.
 Publisert 23.04.2008
Vårens siste Ung fredag blir på Valldal samfunnshus 25. april kl 20-23. Det blir godt med lyd i salen når det blir konsert med Walking Disaster og Battery kl 21.
 Publisert 11.04.2008
Som første kommune i fylket, og kanskje i heile landet, har Norddal etablert eit eige næringsfond for ungdom, Hoppekassa. Ungdomsrådet og formannskapet har vedteke retningslinjer og løyvd midlar. For 2008 er det løyvd kr 100.000.
 Publisert 02.04.2008
Laurdag den 19. april inviterer Stordal Ungdomsklubb og ”God Helse – Stordal” ungdom til interkommunalt ungdomstreff i Stordalshallen! Arrangementet startar kl. 15.00 laurdag den 19. og sluttar ca. kl. 12.00, søndag den 20. april. Det er ungdom i alderen frå og med 8. klasse og opp til 20 år, som vert invitert. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!
 Publisert 25.03.2008
28. mars arrangerer ungdomsrådet i Norddal Ung fredag på Røde Kors-huset i Eidsdal. Ung fredag er eit aktivitetstilbod og ein stad å vere for ungdom frå 8. klasse til 18 år.
 Publisert 05.02.2008
Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus 8. februar kl 20-23. Som vanleg blir det aktivitet i fire etasjer; frå rock'n roll i kjellaren til gitarheltar i 3. etasje.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|