|
|
|
Rådmannsgruppa
Rådmann Stig Holmstrøm er leiar av den kommunale administrasjonen. Han legg fram samla forslag til kommunen sin økonomiplan og budsjett. Han skal sørge for at saker som vert lagt fram for politiske utval er førebudd i administrasjonen, og skal fremme forslag til vedtak. Rådmann skal tilrettelegge for og samordne kommunen sitt overordna og langsiktige planarbeid.
Rådgjevar Helge Svensvik, er ansvarleg for dagleg drift,
medan Per Ove Nydal, er ansvarleg for personal og organisasjonsutvikling.
Sentraladministrasjonen har ei koordinerande rolle, og har desse hovedoppgåvene:
Skape ein god serviceorganisasjon med tilgjenge som er tilpassa dei tenestebehov som folk kan forvente innanfor dei rammer som kommunen til ei kvar tid arbeider innanfor
Leggje til rette for kommunal informasjon
Utforme visjonar og mål i samhandling med politisk leiing
Få ei heilskapleg vurdering av behov, mål og tiltak
Oppnå samordna planlegging og leiing
Støtte til leiarar, og bygging av felles leiingskultur
Tilrettelegge for gjennomføring av politiske vedtak
Oppnå betre service til innbyggjarane
Oppnå auka effektivitet og betre ressursutnytting
Marknadsføre Norddal kommune som ein god oppvekst- og busettingskommune
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|