|
|
|
Kultur for alle
Kommunen har eit rikt kulturliv som femnar om mange aktivitetar. Her er om lag 40 lag og organisasjonar som driv med ulike aktivitetar. Treng du hjelp for å kome med på ein aktivitet, eller lurer på noko så nøl ikkje med å ta kontakt. Vi vil prøve å tilrettelegge best muleg slik at alle som vil skal få ta del i kulturlivet. Kultursjef er Aud Lindis Ødegaard, tf. 70 25 88 33, epost: auod@norddal.kommune.no.
Her er eit eit rikt musikkliv med tre korps og vaksenkor. Idrettslaga held også høg aktivitet, her skal vere eit tilbod for dei fleste. På begge sider av fjorden er det ein ungdomsklubb som vert styrt av ungdomen sjølv. Her er også aktive pensjonistforeningar. Går du inn på lag og organisasjonar får du ein oversikt over desse.
Eit mål med kommunen sin kulturpolitikk er å utvikle den viktige ressursen som ligg i det frivillige kulturarbeidet.
Arrangementa blir lagt i kalendaren på framsida etter kvart som dei blir fastsett.
Kulturartiklar
 Publisert 03.09.2010
Fredag 10. og laurdag 11. september er det klart for Ung helg i Valldal. Det blir Ung fredag, paintball, bogeskyting, sumobryting og konsertar. Det er ungdomsrådet i Norddal som er arrangør av aktivitetshelga, og invitasjonen går til ungdom i alderen 13-18 år.
 Publisert 03.09.2010
Ferietida er over og vi er i gong att med mange ulike tilbod. Du kan vere med på turar, lage til å ete frokost i lag med nokon, kome på foreldretreff eller seniortreff, delta på handarbeidstreff eller prøve deg på stavgang.
 Publisert 30.08.2010
Det blir oppstart av kurs i babysong 16. september. Målgruppe er barn i alderen 4-16 månadar. Kurset blir leia av musikkterapeut Dagrun Vikesland. Det er kulturskulen som er arrangør i samarbeid med frivilligsentralen. Vi inviterer også deltakarar frå andre kommunar.
 Publisert 30.08.2010
Det blir ope møte om besøksteneste på Kraftsenteret torsdag 2. september kl 18.30. Arrangør er kyrkja og Røde Kors i samarbeid med Frivilligsentralen.
 Publisert 17.08.2010
Torsdag 19.august går turen frå parkeringsplassen på Hatlestad i Norddal. Turen går etter grusvegen mot Rellingsetra, ca 600 meter, før ein tek av på rås mot Hatlestadsetra.
 Publisert 10.08.2010
Denne veka går turen til Brekka ovanfor Myklebustsetra i Valldal, torsdag 12. august. Parkering og start på Gamlereiten fremst på Valldalssetra, (450 moh), kl 1800.
 Publisert 28.07.2010
Vekas tur torsdag 5. august går langs den gamle bygdevegen frå Veiberg til Kleivahammaren. Vidare kan ein gå vidare til tre sætrer i området. Opppmøte på Veiberg, 3 km frå ferjekaia i Eidsdal, kl 1800.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|