|
|
|
Forvaltning, drift og vedlikehald
Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) tek seg av drift av bygg og anlegg i kommunen. Leiar er Yngve Hovden. Verksemda har 13 årsverk fordelt på ulike fagområder.
Kommunen har ei betydeleg verksemd innanfor dette fagområdet. Døme kan vere ca. 45 km veg, 14 km vassledningar og 12 km avløpsledningar, eit stort antal friområder, friluftsbad, renovasjon, vassverk og mange bygg.
Forvaltning, drift og vedlikehald har ansvar for:
Renovasjon
Vatn
Kloakk
Feiing
Drift og vedlikehald av kommunale vegar
Drift og vedlikehald av kommunale bygg
Drift og vedlikehald av kommunale park- og friområder
Har du behov for hjelp frå FDV etter arbeidstid, ring vakttelefonen 416 13 373.
FDV-artiklar
 Publisert 24.08.2010
Det er ikkje papirinnsamiling torsdag 26. august som tidlegare annonsert. Neste innsamling blir i september.
 Publisert 16.06.2010
Moa-brauta opp til Valldal skule er stengt for all ferdsel, også for gåande! Dette grunna opne grøfter som aukar faren for utrasing av mur. Ver venleg å resptektere forbodet!
 Publisert 26.04.2010
Norddal kommune står som byggherre, og Rano anlegg A/S er hovudentreprenør i arbeidet med å lage fortau og felles grøft. Arbeidet vil foregå ut over vår og forsommar, medan asfaltering ikkje vert fullført før etter ferien.
 Publisert 12.04.2010
TORSDAG 22.04. kl 12.00 til 20.00 PÅ DJUPØYNA MILJØSTASJON. Denne dagen vert det gratis å levere restavfall frå privat hushald.
 Publisert 10.02.2010
Norddal kommune innbyr med dette alle abonnentar tilknytt kommunalt vassverk til informasjonsmøte på kommunestyresalen onsdag 10.02.2010 kl. 18.00.
 Publisert 11.01.2010
Den nye miljøstasjonen i Valldal er no teken i bruk. Det blir førebels ope torsdag i partalsveker kl 1530 - 2000. Det kan avtalast levering utanom opningstidene. Kontaktpersonar: Jarle Skuseth, tlf. 979 71 140, eller Johan Myklebust, tlf. 915 40 448.
 Publisert 07.12.2009
Styret i Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap (ÅRIM) har tilsett Øystein Solevåg (38) som dagleg leiar for det nye interkommunale miljøselskapet.
 Publisert 01.09.2009
Norddal kommune vedtok i k.sak 110/07 å tilby brøyteteneste for private vegar. Det er utarbeidd retningslinjer som ein finn på kommunen sine heimesider, eller ein kan ringe Servicetorget å få tilsendt desse. Dei som er interessert i å nytte seg av dette tilbodet må melde frå til Servicetorget innan 1. oktober.
 Publisert 01.09.2009
Feiing av piper er planlagt å ta til i slutten av september månad.
 Publisert 05.06.2009
Hytteeigarar som ikkje har motteke søppelsekkar tidlegare i år, kan få utlevert sekkar i Turistinformasjonen i Valldal på kveldstid og i helgane.
 Publisert 30.03.2009
I påska er det endra renovasjonsrute, endra opningssider på legekontoret og i servicetorget.
 Publisert 10.03.2009
Det er opparbeidd nytt bustadfelt på Nerhus i Fjørå med 5 ledige tomter. Kommunen lyser med dette tomtene ut for sal til kr. 80,- pr. m2, eks. gebyrer.
 Publisert 09.01.2009
Sal av gamle kommunale bilar.
 Publisert 06.01.2009
Papirinnsamling vert gjennomført etter vedlagte oppsett i Norddal kommune for 2009.
 Publisert 05.01.2009
Kommunen har fått mange førespurnader om brøyting av private vegar, og kommunestyret har no vedteke å gå inn på ei slik ordning. Interesserte kan kontakte servicetorget på tlf. 70 25 88 00.
 Publisert 30.07.2008
Ein har dei sista åra fått gjort ein del tiltak og utbetringar på vassverket. I tillegg har ein gjort om på vassavgiftene, og ein del abonnentar har skaffa seg vassmålar.
 Publisert 16.06.2008
Det blir ikkje endra køyrerute for renovasjonsbilen i sommar.
Måndag: Eidsdal, Norddal, Fjørå, Tafjord
Onsdag: Valldal
 Publisert 10.03.2008
Ny vatn analyse fra Berdøla.
 Publisert 28.01.2008
Måndag: Eidsdal, Norddal, Tafjord og Fjørå.
Onsdag: Valldal
 Publisert 11.01.2008
Tysdag den 8. januar hadde byggje- og anleggsnemnda sluttsynfaring på den nye Åsevegen. Sluttarbeid som asfaltering, oppsetting av sikringsgjerder og generell tilstelling skal vere sluttført medio mai. Teknisk driftsavdeling har med dette teke over drifta av vegen og trafikk kan formelt settast på.
 Publisert 21.12.2007
Det blir no levert vatn med full kapasitet frå inntaket i Berdøla. Ein er ikkje lenger avhengig av pumpe for å sikre forsyninga!
 Publisert 08.11.2007
Vår entreprenør på kanslått for i år måtte til slutt gje melding om at dei dessverre ikkje hadde meir kapasitet. Sidan meldinga kom så seint på året vart det uråd for kommunen å skaffe ein annan entreprenør.
 Publisert 25.09.2007
Vassprøvar frå Valldal vassverk syner at kvaliteten er god.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|