|
|
|
Skular og barnehagar
Gudmund Relling er skule- og barnehagefagleg ansvarleg. Han har kontor på rådhuset. I Norddal er det 3 skular, to av desse er kombinerte barne- og ungdomsskular og ein er rein barneskule. Alle skulane har skulefritidsordning. Det er 3 barnehagar i kommunen. Vi driv i tillegg vaksenopplæring og har PPT-kontor saman med Stranda kommune. Kommunen har ein aktiv kulturskule.
Norddal kommune satsar på fagleg kvalitet, god mulegheiter for sosial deltaking og personleg vekst. Det blir og vektlagt å få til god samhandling mellom skule, barnehage, heimane og dei kommunale hjelpeinstansane.
Oppvekstartiklar
 Publisert 31.08.2010
System for kvalitetsvurdering av verksemd etter Opplæringslova - § 13.10 i Norddal kommune.
 Publisert 21.07.2010
Ein del endringar i Opplæringslova vert gjeldande frå 01.08.2010.
 Publisert 15.07.2010
Biblioket er også i år sommerope, men med redusert opningstid. Vi minner også om lesekonkurransen Sommar + bok. Alle barn i kommunen i alderen 6-15 år er invitert til å vere med.
 Publisert 22.04.2010
Det blir ope møte om rus på Valldal skule fredag 23. april kl 1930-2030. Foredrag ved Frode Tafjord, som fortel om si erfaring som far til ein rusmisbrukar.
 Publisert 16.04.2010
Grunnskulepoeng vert utrekna ved at alle sluttkarakterar på vitnemålet vert summert og deretter dividert på antal karakterar. Dette gjennomsnittet vert så gonga (multiplisert med 10).
 Publisert 06.04.2010
I januar 2010 fekk Foreldreutvalget for grunnopplæringen nye nettsider. Desse sidene er ein ressurs for foreldre der ein finn mykje aktuell informasjon.
 Publisert 06.04.2010
Første runde er no gjennomført, og alle som har søkt skal no ha fått svar. Det er framleis ledige plassar i alle barnehagane. Dermed kan vi konstatere at kommunen har full barnehagedekning.
 Publisert 17.03.2010
Fiskesprell er namnet på Helsedirektoratet si satsing å auke bruken av fisk og sjømat i barnehagane. tysdag 1. mars var barnehagane i Norddal invitert til kurs på Sjøholt skule.
 Publisert 16.03.2010
Barnehagedagen 2010 blei arrangert 16. mars. Med slagordet Kom inn og sjå! opna barnehagar over heile landet dørene for ein titt inn i det yrande kvardagslivet.
Syltebøen takkar med dette for svært godt oppmøte, trass rasfare og glatte vegar. Vi samla inn 7870,- kr. til Plan Norge. Vi rettar ein særleg takk til Spar og Ica for flotte gevinstar til lotteriet.
 Publisert 16.03.2010
På grunn av verprognosane er det også bestemt at ungdomsskuleelevane frå Norddal møter opp på Dalsbygda skule i morgon, onsdag 17. mars.
 Publisert 16.03.2010
Verprognosane tilseier at det vil vere stor rasfare også komande døgn. Ordførar, som er beredskapsleiar, har bestemt at elevane frå Tafjord ikkje skal møte på Valldal skule i morgon.
 Publisert 17.02.2010
Tysdag 16.02 hadde Dalsbygda skule Haiti-kafe på biblioteket i Norddal. Elevane i 3. og 4. klasse ville gjerne vere med å samle inn pengar til dei som har det så trasig på Haiti.
 Publisert 10.02.2010
Søknadsfristen for barnehageplass frå august 2010 er som tidlegare annonsert 1. mars 2010.
 Publisert 27.01.2010
Søknad om opptak til SFO skal sendast direkte til den enkelte skule. Kvar skule kunngjer søknadsfrist. Dersom du treng nærare informasjon om SFO-tilbodet, ta kontakt med din nærskule.
 Publisert 07.09.2009
Norddal kommune har mange ledige barnehageplassar. Særleg gjeld dette ved Syltebøen barnehage og Dalsbygda barnehage. Dei som ønskjer å søkje på ledig plass, kan nytte elektronisk søknadsskjema, sjå link under. Du får også søknadsskjema på Servicetorget eller ved den enkelte barnehage. Vi oppmodar flest muleg om å søkje elektronisk.
 Publisert 11.08.2009
Onsdag 19. august er første undervisningsdag ved skulane i Norddal kommune. Tid for frammøte for dei einskilde klassene finn du her.
 Publisert 19.02.2009
Søknadsfrist for plass i barnehagane i Norddal kommune barnehageåret 2009/2010 er 1. mars 2009. Denne fristen gjeld hovudopptaket for nytt barnehageår. No kan du sende søknaden din elektronisk til Norddal kommune, sjå valg for elektronisk søknadssenter i venstre stolpe på sida.
 Publisert 15.12.2008
Fredag 12. desember inviterte 10. klasse ved Valldal skule til stilfullt juleball i kantina. Så mange som 90 elevar møtte opp. Dei fleste var elevar ved Valldal skule, men mange hadde teke turen frå både Eidsdal, Dalsbygda, Geiranger, Stordal og Stranda.
 Publisert 03.10.2008
Etter skriftleg eksamen i norsk i vår, deltok Eidsdal skule i ei evaluering av eksamensforma. Dei skulane som hadde over 90% deltaking på evalueringa vart tildelt 3000 kr til sosiale tiltak ved skulen.
 Publisert 13.08.2008
20.august er første skuledagen for mange! Tidspunkt for frammøte for dei ulike klassene finn du her.
 Publisert 28.05.2008
Valldal skule er i lag med to andre skular i Møre og Romsdal plukka ut til å delta i den nasjonale utprøvinga av kjenneteikn på måloppnåing i dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet.
 Publisert 17.09.2007
Ungdomsskuleelevane på Valldal skule hadde forrige veke gründercamp. Mange kreative løysingar på problemstillingar vart presentert, og ein jury hadde sitt svare strev med å kome fram til ei vurdering.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|