toppnk03(1).jpg
NAV Storfjorden - eit interkommunalt samarbeid mellom 4 kommunar

NAV-reforma legg opp til at det skal etablerast ein likeverdig partnerskap mellom Arbeids- og velferdsetaten og sosialtenesta i kommunane, med følgjande målsetjingar:

  • få fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad
  • gjere det enklare for brukarane og tilpasse forvaltninga til brukarane sine behov
  • få ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

For kommunane Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje er det etablert eit felles NAV-kontor. Den kommunale sosialtenesta er ein del av dette kontoret. Det felles kontoret har fått namnet NAV Storfjorden, og er lokalisert i Skodje kjøpesenter. Ørjan Haram er tilsett som leiar for NAV Storfjorden.

I Norddal er adressa
NAV Storfjorden, Norddal
Besøksadresse: Fjordhagen, Valldal
Postadresse: PB 114, 6211 Valldal


Opningstid:

  • Mottak: 09.00-15.00
  • Telefon: 08.30-15.00 (måndag, onsdag, torsdag og fredag)
  • Telefonnummer: 74 73 38 00

Dei kommunale fagområda i NAV Storfjorden er:

  • Økonomisk sosialhjelp - Lov om sosiale tenester kap. 5
  • Kvalifiseringsprogrammet - Lov om sosiale tenester § 5a
  • Individuell plan og ansvarsgrupper
  • Økonomisk rådgjeving - Lov om sosiale tenester kap. 4
  • Frivillig gjeldsordning
  • Forvaltning av trygd
  • Generell førebyggjande verksemd
  • Uttaleinstans ved søknad om skjenkeløyve
  • Bustad - Lov om sosiale tenester §§ 3-4 og 4-5
  • Råd, rettleiing og informasjonsarbeid som er nedfelt i Lov om sosiale tenester
  • Introduksjonsprogrammet for flyktningar og innvandrarar
  • Støttekontakter for sosialt og økonomisk vanskelegstilte
  • Rusførebyggjande arbeid og tiltak - Lov om sosiale tenester kap. 6
  • Rusarbeid - individuelle tiltak og oppfølgjing - Lov om sosiale tenester kap. 6
  • Lavterskeltilbod og andre tenestetilbod for rusmisbrukarar og andre vanskelegstilte
  • Bustøtte
  • Husbanken sine låne- og tilskotsordningar
  • Prosjekt- og utviklingsarbeid innafor dei områda kommunane har ansvar for
 
Kontaktinformasjon
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
     
Validator
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther