toppnk03(1).jpg

"Lyset på Rønneberg"

Verdsarv-V

Torsdag 8. juli er vekas tur ei kulturvandringa til minnesteinen i fjellet ovanfor Rønneberg i Eidsdal, 950 moh.  Oppmøte i Gjerda på Rønneberg kl 18.00.

Publisert av Kristi Linge Stakkestad. Sist endra 05.07.2010

Steinen er til minne om toåringen Erling Rønneberg, som 26. august 1922 forsvann frå heimen sin. 250 personar leita i to dagar utan resultat. I fjellet sludda det, og dei frykta det verste.

Neste natt var nokre ungdommar på veg heim, då dei såg eit underleg lys i fjellet ovanfor Rønnebergsgardane. Morgonen etter la folk i veg, og dei fann guten, 2 km opp i fjellet i 950 meters høgde. Han var gjennomkald og bevisstlaus, men kvikna til att og fekk ingen mein.

Han levde likevel som på "lånt" tid, og omkom 23 år gammal ved krigsforlis. Minnesteinen vart reist av familien i 1945. Meir om denne historien kan du lese på www.digitaltfortalt.no

Oppmøte i Gjerda på Rønneberg kl 1800. Parkering her eller på Rønneberg gard, like nedom. Ferje frå Linge kl 1740. Turen tek om lag tre timar.

Første etappe blir frå Gjerda (460 moh.) og etter traktorveg til Framgardssætra (650 moh.). Vidare går vi oppover mot støtta. Det er litt ulendt terreng, og ein treng gode sko.

Det blir stopp undervegs, med informasjon om natur og historie.

Vegvisarar og historieforteljarar er Marie Rønneberg, søster til Erling, og lokalhistorikar Astor Furseth.

Vekas tur i august

Det blir no pause i vekas tur fram til 5. august. Då går turen på fin turveg frå Veiberg til Kleivahammaren. Vidare kan turen utvidast til Veibergsetra og Storhjellsætra og ned att Storåsvegane for dei som ønskjer ein lengre tur. Då tek turen om lag 3 timar.
Oppmøte kl 1800. Ferje frå Linge kl 1740. Turleiar er Heidi Melchior, Eidsdal IL

12. august blir det kulturvandring til Brekka i Valldal.
19. august blir det ein rundtur Hallstadsetra-Kvithaugen-Rellingsetra i Norddal.

 

Vel møtt på tur!

 

Kontaktinformasjon
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
     
Validator
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther