|
|
|
Sommarope bibliotek
Biblioket er også i år sommerope, men med redusert opningstid. Vi minner også om lesekonkurransen Sommar + bok. Alle barn i kommunen i alderen 6-15 år er invitert til å vere med.
Publisert av
Aud Lindis Ødegaard.
Sist endra 15.07.2010
Hovudbiblioteket har reduserte opningstider i åtte veker f.o.m. veke 25 (21.06). Våre opningstider er då:
Onsdag kl 1400-1900 Fredag kl 1100-1600
Norddal filial og Tafjord filial er stengt i veke 28-29-30-31-32
Eidsdal filial har reduserte opningstider i åtte veker f.o.m. veke 25. Filialen er stengt i veke 29 og 30. Ellers endra og reduserte opningstider slik:
I veke 25-26-27: tysdag kl 1700-1900 torsdag kl 1200-1600
I veke 28-31-32: torsdag 1200-1600
LESEKONKURRANSE
Biblioteket i Norddal inviterer alle 6 - 15-åringar i kommunen til lesekonkurranse i skuleferien! Oppgåva er å lese minst 5 bøker/lydbøker, skrive opp i eit leseskjema kva bøkene heiter og levere skjemaet tilbake til biblioteket før 1. september.
Alle som deltek er med i trekninga på fine premiar!
I tillegg vil Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal i år gje eit premiedryss til dei som har lese 10 bøker eller fleire.
Desse blir med i trekninga av
- ein Ipod - tre Devold ull Multisport t-skjorter - tre boksjekkar
Har du lest fleire enn ti bøker så sender biblioteket skjemaet ditt vidare til fylket.
Bli med då vel!
Skjema finn du på linken nedanfor.
Velkomen til biblioteket i sommar!
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|