|
|
|
Spelemidlar 2011
Kvart år fordeler kulturdepartementet tilskot frå spelemiddeloverskotet til anlegg for idrett og friluftsliv. For 2011 må søknad om førehandsgodkjenning av anlegg vere kommunen i hende innan 1. oktober 2010.
Publisert av
Aud Lindis Ødegaard.
Sist endra 05.07.2010
Kvart år fordeler kulturdepartementet tilskot frå spelemiddeloverskotet til anlegg for idrett og friluftsliv.
Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til:
- Ordinære anlegg og rehabilitering - Ordinære nærmiljøanlegg - Nærmiljøanlegg forenkla - Kart
Anlegget må være ope for allmenn idrettsleg verksemd og ikkje underlagt kommersielle interesser. Anlegg som det blir søkt om stønad til må stå oppført i "Delplan for idrett og fysisk aktivitet". Handlingsplanen vert rullert årleg.
Teikningar/planar skal være førehandsgodkjent av kommunen eller kulturdepartementet som godkjenner bl.a. fleirbrukshallar, spesialhallar, utandørs symjeanlegg m.m. Les meir om dette i link under.
For 2011 må søknad om førehandsgodkjenning vere kommunen i hende innan 1. oktober 2010. Søknaden skal innehalde ei behovsvurdering, grovt kostnadsoverslag og presentasjon av planane med teikningar. Skjema skal ikkje fyllast ut i denne omgang.
For hjelp og spørsmål kontakt Kulturavdelinga på telefon 70 25 88 00.
Vedlegg til endeleg søknad til fylket med frist 15. januar: - Førehandsgodkjente planer med behovsoppgåve - Detaljert kostnadsoverslag - Utgreiing og legitimasjon for dei enkelte postane. - Driftsplanar og driftsbudsjett - Tinglyst skjøte/leigeavtale
Søknader om spelemidlar må no sendast inn elektronisk. For å kome til søknadsskjema, gå til linken under.
Vi minner også om at aktuelle tiltak for dei komande fire åra må meldast til kommunen innan 20. august. Dei må stå på planen "Delplan for idrett og fysisk aktivitet", som skal reviderast i år, før det kan søkjast stønad til dei.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|